|
Under
constuction , not in Englich at this moment

This cabin is ready 07/2006
more
pictures
 Glomnessætra
er det neste hytteprosjektet som
skal byggast .
Hytta skal laftast og vil bli oppført i løpet av sommeren
2005 . Den kjem til å bli 35 m2 stor den skal ha 2 soverom , kjøkken/stove
og gang. Det skal være 5 faste sengeplasser og 2 madrasser på
hemsen.
Dette blir ei koselig hytte i eit
stille og rolig område uten biltrafikk.
Denne hytta er for folk som vil fjerne seg fra kvardagens mas , og som
samtidig vil klare seg uten innlagt vatn og straum . Den har toalett ,
men det er av campingvogntypen.
På
veg opp til Glomnessætra kan ein gå på
begge sider av Glomndøla , går ein på Segestadsida
går stien forbi den flotte fjellgården Segestad
.
Den
er det stiftinga Segestads vener som leiger . Turen opp til Glomnessætra
tek kring 1 time .
På veg opp til Glomnessætra får du god utsikt over Oppstryn.
Glomnessætra
ligg i ein typisk vestlandsk v-dal. Når en først er kommet
til sætra er det lett fint turterreng innover dalen . Ca 5 km lenger
inne ligg den innerste sætra som heiter Stol , då har du gått
forbi Nos , og Midtstøylen som og har sætrehus.
Ein
kan og ta turar i fjella kring sætra , her er fjell som ragar opptil
ca 1800 meter over havet .
Det er forholdsvis enkle fjell å gå på og det vil bli
laget ein enkel guide oger fjellområdet. Vel nede i dalen er det
eit lite vatn som du kan ta ein forfriskandes dukkert i etter endt tur.


|