Hytter
Bilder
Ledig ?
Kart
Linker
Kontakt

 

 

Her kan du sjå korleis det går med prosjektet og kor långt jeg er komen med det:

Pga. mykje bilde ( ca 2 mb )så er sida litt treig å laste ... Oppdatert 17.07.2007

25.mai 2005

 

 

Den gamle selmuren . Her er som du ser litt jobb med å tilpasse den til den nye hytta.Vi starta med arbeidet i Nov. 2004 , men det vart med 2 korte laurdagar før vinteren sette inn.
05.juni 2005

 

Muren og den trykkimpregnerte råma er på plass , no ventar eg berre på at laftekarane i Grov skal gjere seg ferdige med laftekassa.
07.juni 2005

 

Laftekassa tek form , den er laga i 5" tømmer frå Markane. Laftinga vert utført av Steinar Grov Og Idar Nygård

06.aug 2005

 

 

Den første milepælen er passert , dei 10 første helikopterhiva er komne på plass . ca 9 tonn med materialer blei plassert med den største pressisjon av Leif Johnny Årnes fra AirLift AS

07.aug 2005

 

 

Laftekassa passa perfekt til råma , og arbeidet går fort i godt vær. Her er vi ved stokk 8 og det er Idar Nygård som er i bilde.

08.aug 2005

 

Milepæle 2 er nesten et faktum , ved hjelp av vener er dei nesten 250 kg tunge takåsane på plass. frå venstre: Idar Nygård , Sondre Nesje , Even Inge Nesje , Steinar Grov , Paul Egge og Johan Berge. Laftekassa blir ferdig dagen etter.
20.aug 2005

 

No er ferien min slutt så det går ikkje så fort lenger , dårlig vær er det og , men etter litt trøbbel med regn og vind er glass , innertak og taksperrer på plass.

20.aug 2005

 

Detalj av listing , listearbeidet er gjort av Tor Glomnes.
24.sept 2005

 

Milepæl 3 , no har helikopteret vore her igjen , denne gongen var det resten av materiala og møblane som blei frakta opp.Stova er stort sett ferdig , og det vert no jobba med soverom. Været er ikkje det beste så utselet og verandaen må vente.
 

 

Vedaovnen varma utruleg bra , mest pga av det långe røykrøret. Kjøkkenbenken er delevis ferdig , det står framleis igjen mykje arbeid før eg kan seie meg ferdig .

 

24 sept 2005

 

No har eg ovenatta på sætra for første gong og det var ein god følelse. Kveldane er no so korte at det blir stort sett berre helgaarbeid heretter.
16.0kt 2005

 

Eg , David Alden og far jobba med veranda og utsel , tak og golv er ferdig , veggane får vente til neste helg.
29.okt 2005

 

No eg villmakspanelen komen på utselet , verandaen er nesten ferdig og eg har vore på hytta ilag med familien for første gong. Hytta er brukbar men det manglar framleis mykje på å kalle den ferdig. No er det klart for å legge torvtak , går det etter planen blir det neste helg om været held seg. Eg har sett i opp ei midlertidig dør , vinteren kan kome ka tid som helst no.

Det var foresten ca 15° C på sætra idag !

06.nov 2005

 

Den 6.nov var helikopteret her å frakta torva opp . Idag vart eg ferdig med å legge torvtaket , verandaen er ferdig og området er rydda og klart til vinteren , omtrent slik vert det sjåande ut når torvtaket gror til og uteområdet blir rydda .

(bilde er manipulert)

20.nov 2005

Vinteren er komen !
07.mars 2006

I løpet av vinteren har eg vore på sætra ca 4-5 turar , på desse turane har eg ikkje gjort so mykje , men eg har hatt med forskjellige ting til og frå sæta. Det siste som er kome på plass er persiennene , gardinene kjem opp på neste tur.
Kjellardøra måtte eg ta igjenn fordi telen sprengde opp jorda rundt muren så mykje at den ikkje gjekk opp.
Ellers så har ikkje stokkane sett seg nevneverdig så hytta er vel ca 2-3 mm lavare en ho var i haust.
Sola har og gjort sitt med "solveggen" den er mykje mørkare no en i haust , det var planen å beise hytta før vinteren , men tida strakk ikkje til. Beising blir utført i løpet av mai.


 
16.juli 2007

Har ikkje vore så flink til å oppdatere siste året .
Men no er hytta ferdig utvendig .Den er og 95 % ferdig innvendig. Det mangler litt listverk og glassforinger i utselet. Vi har hatt mange netter på hytta no og den fungerer fint. Solcelleanlegget har grei kapasitet og det meste fungerer fint.
Det som står igjenn no i tillegg til listverk er få til badet med benk o.l.