Glomnes Ferie Hytter er ein liten, men fin feriestad i Oppstryn.

Vi har 2 velutstyrte hytter i eit ope furuskogområde med utsikt over Strynsvatnet og bygda Oppstryn.

Vi ser dei snødekte fjella med Jostedalsbreen i bakgrunnen. Her er ingen trafikkstøy. Det er naturen sine eigne lydar som råder med fuglesang, fossedur og susen av elva. Vi har vatnet 60 –100 meter frå hyttene. Og det er mange tur-stiar i dalane. Med ein biltur på under 60 min. kjem du til Loen, Olden (m/Briksdalsbreen litt lenger), Stryn sentrum, og fjorden. Eller du kan ta ein dagstur til Grotli, Geiranger m/ Dalsnibba, Lom eller ein annan av dei mange kjende turiststadane. Muligheitene er mange. Er du skiintressert har vi Strynefjell sommarskisenter (ca.30 min. biltur). Om vinteren er det skitrekk ved Stryn sentrum og på Grotli med opningstider i helgane og om kvelden, men avhengig av snøforholda.

Her ser vi ei av to like hytter. Dei har 1 soverom m/dobbelseng, og 1 soverom med brei underseng (1,2m.), og vanleg overkøye. På hemsen er det 3 madrasser på golv. Der er 7 dyner og puter. Dei er for 5-7 personar etter alder og komfort krav. Hyttene har bad m/dusjkabinett og vaskemaskin. I stova er det peisovn, TV, radio m/cd , kass.spelar og trådlaust breiband ( du må spørre etter wepnøkkelen for å logge deg på ). I kjøkkenkroken finn vi kjøl- og fryseskåp, komfyr m/avtrekk, kaffitraktar, microbølgeovn og oppvaskmaskin. Elles det kjøkkenutstyr som du treng. Hyttene har elektrisk oppvarming. I kjellaren er sauna m/eigen dusj.

Hyttene har natur farga trepanel innvendig. Dei er isolerte så dei kan utan problem nyttast om vinteren. Hovedoppvarminga er elektrisitet.

 

 

Henvend deg her for å få nøkkel:

 

Glomnes Ferie Hytter

v/Tor Glomnes

N - 6798 Hjelledalen

Tlf / Fax: + 47 57 87 52 10